– Sjølv om den norske krona er mykje sterkare enn i tilsvarande månad i fjor, vart det ein historisk høg verdi for sjømateksporten i august. Årsaka er først og fremst auka laksevolum til høgare prisar og prisvekst for torsk, makrell, sild og sei, seier administrerande direktør Christian Chramer i Norges sjømatråd.
Så langt i år har Noreg eksportert sjømat for 115,7 milliardar kroner. Det er ein vekst på 2,6 milliardar kroner, eller 2 prosent, frå same periode i fjor.
Straffetoll frå USA
I løpet av 2026 har norsk sjømateksport til USA bremsa kraftig opp. I august auka USA straffetollen mot Noreg til 12,5 prosent. Likevel vart det verdivekst til den amerikanske marknaden, hovudsakleg grunna lakseeksport.
– Sjølv om Noreg har fått dårlegare tollvilkår enn fleire av konkurrentnasjonane våre, har vi hatt vekst i eksporten av laks til USA i to månader på rad. Samtidig er USA ute av topp tre-lista over våre største sjømatmarknader. Det kjem hovudsakleg av at andre land hadde ein større vekst, spesielt på laks, seier Chramer.
Dei fem største eksportlanda målt i verdi er som følgjer:
* Polen 2,23 milliardar kroner
* Kina 1,4 milliardar kroner
* Nederland 1,16 milliardar kroner
* USA 1,13 milliardar kroner
* Storbritannia 900 millionar kroner
Rekord for laksen
I august vart det eksportert fisk frå havbruk for 13 milliardar kroner. Det utgjer 81,4 prosent av den totale verdien av sjømateksporten, og er den høgaste verdidelen i historia.
For lakseeksporten vart august ein rekordmånad. Noreg eksporterte totalt 153.602 tonn laks til ein verdi av 12,3 milliardar kroner. Dermed vart den førre rekorden, frå oktober i fjor, slått med 19 millionar kroner.
Verdien på laks auka med 2 milliardar kroner, eller 19 prosent, i august i år samanlikna med august 2025.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116126 C55bwewuhio](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/c55bWEwUHIo.jpg)



0 kommentarer