Dokumentaren vart heilt annleis enn planlagt: Same dag som Harila og Tenjen Lama Sherpa klatra opp på den siste av dei såkalla «åtte-tusen-meterne», K2, omkom ein annan klatrar.
Vart hetsa
Det vart mykje omtalt og la ein skugge over verdsrekorden, sett på berre 92 dagar. Teamet hennar vart skulda for ikkje å ha gjort nok for å hjelpe, og Harila vart hetsa på nett, noko som også blir vist i filmen.
Kommisjonen som undersøkte omstenda rundt dødsfallet, konkluderte med at ansvaret ikkje kunne leggjast på nokon enkeltperson, inkludert Kristin eller teamet hennar.
– Det vart ein film om ein historisk rekord, men også meir enn det, på godt og vondt. Kristin lét oss følgje henne i ein prosess som ikkje vart heilt som ho hadde sett for seg, sa regissør Even Sigstad på Filmhøsten-presentasjonen nyleg.
Betyr mykje
– Det betyr veldig mykje for meg at filmen no kjem ut, og at folk får høve til å sjå heile historia, seier Harila til NTB i premiereveka og legg til:
– Det har vore mange sterke meiningar og påstandar om det som skjedde, særleg rundt K2. For meg har det vore viktig å få fram eit meir heilskapleg bilete av kva som faktisk skjedde. Eg vonar filmen kan gi folk ei betre forståing av både det vi oppnådde, og det vi stod i undervegs og i tida etterpå.
Ho er også oppteken av å løfte fram historia om Tenjen Lama Sherpa, samarbeidet deira og alt dei opplevde saman.
– Det har vore veldig viktig for meg at Lama får den plassen han fortener i denne historia, seier ho:
– Vi delte dei 14 fjella, rekorden, dei tøffaste dagane og så mange fine stunder. Eg håpar filmen gjer at fleire får bli kjent med kven han var, kva han stod for og kor stor del han hadde i det vi oppnådde i lag. For meg er filmen òg ein måte å heidre Lama.
Tilbake for å leite
Tenjen Lama Sherpa omkom berre nokre månader etter at verdsrekorden vart sett. Han vart teken av eit snøskred under ein klatreekspedisjon til Shishapangma – det lågaste av dei 14 fjella, men ifølgje Harila også blant dei farlegaste.
Året etter drog ho til Tibet for å hente Lama ned, men fann han ikkje. Ho lova enka å hjelpe med utdanninga av dei to sønene hans, Lakpa Sange og Lakpa Nurbu – som også kom til Noreg på førpremieren av «Harila: Nådeløse fjell» onsdag.
– Dette er eit historisk samarbeid. Denne rekorden er veldig viktig. Særleg for familien min, for barna mine, seier Tenjen Lama Sherpa i dokumentaren.
Ein slik type rekord har nemleg aldri tidlegare vorte delt mellom ein vestleg klatrar og ein sherpa, ifølgje produsenten av filmen, Filip Christensen.
«Litt farlegare»
Kristin Harila fullførte i mai den såkalla «Himalayan Triple Crown», som inneber å nå toppen av fjella Nuptse, Lhotse og Everest på éin klatresesong.
Det fullførte ho som første kvinne. Kristin vart samtidig første nordmann til å klatre opp på Mount Everest utan ekstra oksygen.
Men no har ho erklært seg ferdig med dei lange ekspedisjonane i 8000-meterklassen.
I «Harila: Nådeløse fjell» er det ei scene der ho spør faren om det «er slitsamt å ha ei dotter som meg». Han svarer nøkternt:
– Du lever litt farlegare enn folk flest.
Klatrefilm populært i Noreg
Klatredokumentarar er populære i Noreg. I fjor vart «Trango» den mest sette dokumentarfilmen på kinoane her til lands, og den var også éin av tre filmar kortlista som norsk Oscar-kandidat.
Filmnettstaden Montages karakteriserer ekspedisjonsfilmen som «på mange måter den eldste norske filmsjangeren», og trekkjer linja attende til då Roald Amundsen tok med seg filmkamera på Sydpolsekspedisjonen.
Men å spele inn ein klatrefilm er ekstra utfordrande, røper «Harila: Nådeløse fjell»-produsent Filip Christensen – for dei måtte finne fotografar som både var flinke og dyktige til å klatre, som det finst «ei handfull av i verda».
Høgdetelt heime
Ein av dei er Matias Myklebust, som vart med Kristin Harila og Tenjen Lama Sherpa til to av fjelltoppane.
– Eg sov opp mot 30 dagar i høgdetelt her i Oslo før eg reiste til Nepal med Kristin for å dokumentere rekordforsøket hennar. Det og to treningsøkter om dagen vart ein stresstest på korleis eg ville handtere kva vi hadde i vente reint fysisk, seier han til NTB.
Myklebust fortel om ekstremt tunge sekkar – opptil 30 kilo – å bere opp mot 8000 meter. Han gjekk ned over 14 kilo på dei 70 innspelingsdagane sine, og merka korleis alt gjekk saktare i den tynne lufta – og kroppen gjekk på sparebluss.
– Batteri skal likevel haldast varme, eg skal tenkje to steg framover, stille spørsmål og følgje opp alt som skjer både framfor og bak kamera, oppsummerer Myklebust.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116156 Dfqhzstmnlg](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/DFQhZSTmnlg.jpg)



0 kommentarer