4300 defilerte ved kong Haralds båre i går

av | 3. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): Alle som stod i køen klokka 18 fekk komma inn i Slottskapellet.

Det opplyser Slottet overfor NTB.

Fram til tysdag 8. september er Slottskapellet ope for publikum kvar dag. Opningstidene er 10-18. Defilering betyr at dei som ønskjer, kan gå sakte forbi båra for å ta farvel med kong Harald.

Omtrent 4300 personar defilerte i Slottskapellet onsdag.

Slottet opplyser at alle som stod i køen klokka 18 då det stengde, fekk komma inn i kapellet for å ta farvel.

Tysdag vart sluttalet 4059. Også då vart opningstidene utvida på grunn av lang kø.

– Tempoet for defileringa vil variera frå dag til dag, seier pressekontakt ved Det kongelege hoffet, Sara Svanemyr.

Fram til gravferda vil det vera kapasitet til at rundt 45.000 får høve til å ta farvel ved kong Haralds båre.

(©NPK)