Kongens gravferd kan få konsekvensar for flytrafikken på Gardermoen

av | 3. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): Den omfattande VIP-trafikken i samband med kong Haralds gravferd onsdag 9. september vil merkast godt på Oslo lufthamn, ifølgje Avinor.

Aktiviteten kan få konsekvensar for det ordinære ruteprogrammet, særleg i morgontimane.

– Oslo lufthamn vil vera open for reisande som normalt på gravferdsdagen, men det vil vera ekstraordinær aktivitet i samband med innkomst og reisa for gjester og delegasjonar som skal delta i gravferda, seier pressekontakt Helene Wattanapradit Jensen i Avinor til E24.

Reisande blir oppmoda til å møta i god tid, følgja med på informasjon frå flyselskapa og berekna ekstra tid til og frå lufthamna.

Mange delegasjonar er venta å komma fram til Gardermoen, noko som også vil skapa store utfordringar på vegane mot hovudstaden.

– Det er ingen løyndom at mange vil komma til Gardermoen og at det vil bli ganske mykje trykk frå Gardermoen og ned til Oslo. Det vil bli eit stort trekk av kortesjar, offisielle bilar og VIP-transportar opp og ned, som gjer at vegen vil bli heilt eller delvis stengd i periodar, seier Tomm Berger i Oslo politidistrikt til E24.

(©NPK)