– Det gjeld ingen klart definerte reglar om nasjonal sørgjeperiode, også kalla landesorg. Sorg er personleg, og det kan vere ulike behov og ønskjer knytte til markering av at kong Harald har gått bort, heiter det i ei fråsegn frå Statsministerens kontor.
– Vi må som enkeltpersonar, familiar, lokalsamfunn, arbeidsplassar, organisasjonar og som land finne våre måtar å vise sorg og deltaking på, heiter det vidare.
På gravferdsdagen blir kong Harald minna med eitt minutts stille over heile landet, frå klokka 13 til 13.01. Stilla blir markert med tre klokkeslag frå alle kyrkjene i landet, og når ho er over, blir det markert med tre nye klokkeslag.
Gravferdsdagen er ikkje offisiell fridag.
Regjeringa og statlege verksemder vil markere perioden på fleire måtar. Det blir flagga på halv stong frå kongelege residensar, statlege bygningar og militære forlegningar. Aktivitetar av fagleg karakter vil bli gjennomførte som planlagt, men med vekt på at arrangementa har ei verdig ramme der det blir markert at landet er i sorg.
For kultur- og idrettsarrangement blir det opp til arrangøren sjølv å vedta om arrangementet skal haldast eller ei, men det blir påpeika at det «kan være naturlig at arrangør markerer den nasjonale sørgeperioden».
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #113786](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/PutwvVx319I.jpg)


0 kommentarer