– Det er god kontakt mellom Slottet og Statsministerens kontor, seier statsminister Jonas Gahr Støre til NRK.
Han understrekar likevel at han får dei same oppdateringane om helsesituasjonen til kongen som resten av folket får.
Kong Harald (89) vart lagd inn på Rikshospitalet 17. august. Han hadde fått kortisonbehandling for hemolytisk anemi, ein tilstand som førte til væskesamling som måtte behandlast på sjukehus. Kongehuset opplyste at helsa til kongen forverra seg i helga, men at tilstanden held fram med å vera stabil.
– Det er ein situasjon der kongen blir teken godt vare på. Han får god behandling. Det er ein alvorleg situasjon å vera på sjukehus, og vi følgjer med på det, seier Støre og legg til:
– Vi ønskjer av heile vårt hjarte kongen god betring og all mogleg framgang i situasjonen han er i.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112862](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/KYa4XbvSfV0.jpg)



0 kommentarer