Durek Verrett er nyretransplantert

av | 26. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Durek Verrett har gått gjennom ein vellykka nyretransplantasjon.

Det opplyser manageren til Märtha Louise, Carina Scheele Carlsen, i ei pressemelding.

– Først og fremst kjenner vi på ei enorm takksemd overfor at nokon er villige til å vera donor. Det er vanskeleg å setja ord på kva ei slik gåve betyr. Den nye nyra har gitt Durek ein ny sjanse, og det kjem vi aldri til å ta for gitt, uttaler Carlsen i ei pressemelding.

Verrett har vore open om at han i lang tid har hatt nyreproblem.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar