– Vi innleidde forhandlingar med Oman for omtrent ein månad sidan og har oppnådd resultat som begge sider har akseptert, seier ein talsmann for Revolusjonsgarden til det halvstatlege iranske nyheitsbyrået.
– Det er inngått avtalar om begge lands andelar i farvatna i sundet og korleis inntektene skal fordelast, seier han.
Ifølgje talsmannen har USA stukke kjeppar i hjula under forhandlingane, noko som har forseinka prosessen.
Var ope
Hormuzsundet var ope for internasjonal skipsfart før USA og Israel angreip Iran i februar, men sundet har vore stengt og stort sett under iransk kontroll sidan.
Rundt ein femdel av forsyningane av olje og gass i verda passerte før krigen gjennom det tronge sundet, til liks med andre viktige produkt som kunstgjødsel og aluminium.
Få passerer
Tysdag passerte berre fem skip gjennom sundet, medan det før krigen vanlegvis passerte over 50 skip i døgnet.
USAs president Donald Trump har fleire gonger hevda at sundet no er ope for skipstrafikk.
Iran held fast på at det er stengt for alle som ikkje har innhenta løyve frå Teheran til å passera.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112930](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/s6VuJv1tH8I.jpg)



0 kommentarer