Kreml: CIA-direktør møtte ikkje Putin

av | 26. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Reuters): John Ratcliffe, direktøren for den amerikanske etterretningstenesta CIA, hadde samtalar med russiske etterretningsfolk då han var i Moskva tysdag, men møtte ikkje president Vladimir Putin, ifølgje Kreml.

Kremls talsperson Dmitrij Peskov seier likevel at Putin vart orientert om innhaldet i samtalane.

Peskov seier også at det er for tidleg å seia noko om samtalane mellom etterretningstenestene kan betra forholdet mellom landa, eit forhold som han omtalte som i «djup krise».

Eit amerikansk militærfly landa i Moskva tysdag, og fleire medium melde at Ratcliffe var om bord. Tysdag kveld vart det meldt at det same flyet hadde reist frå Russland.

Turen var etter alt å dømma første gongen Ratcliffe besøkjer Moskva sidan han vart CIA-direktør i januar i fjor. Forløparen hans, William Burns, reiste til Russland i november 2021 for å møta Putin og åtvara han mot å invadera Ukraina.

(©NPK)