Dommaren Paul Engelmayer slår i rettsavgjerda si fast at den føderale dommen frå 2021, som er på 20 års fengsel, blir ståande.
Den 64 år gamle Maxwell, som representerte seg sjølv i saka, hevda mellom anna at mange av dei offentleggjorde Epstein-dokumenta har bidrege til å svekkja rettstryggleiken hennar.
Dette fordi advokatar som representerer dei fornærma i Epstein-saka, ifølgje henne har fungert som aktorat og agentar for amerikanske styresmakter.
Engelmayer avviste denne argumentasjonen.
Finansmannen Jeffrey Epstein vart i 2008 dømd til 13 månaders fengsel for sexkjøp av ei mindreårig jente.
I 2019 vart han pågripen på nytt og tiltalt for å ha forgripe seg seksuelt på fleire titals mindreårige jenter tidleg på 2000-talet. Det skjedde med hjelp frå Maxwell.
Epstein vart funnen død i fengselscella si nokre veker etter pågripinga, og det blir opplyst at dødsårsaka er sjølvmord.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112533](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/AF4v8Li3HHE.jpg)



0 kommentarer