Bjørn Eidsvåg på topp på hitlista til Spotify

av | 24. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Bjørn Eidsvåg (72) er med på låta «I takt med deg» av Zimmermann, som har toppa hitlista til Spotify i Noreg nyleg. Med det blir han den eldste norske artisten på listetoppen nokon gong.

– Eg veit ikkje korleis eg skal tolka dette, men det er veldig smigrande og hyggeleg, seier Eidsvåg til VG.

Tal frå promobyrået Sesong 1 viser at Eidsvåg knuser sin eigen rekord frå 2007, då han toppa VG-lista med låta «Floden» som 52-åring.

Zimmermann er ein 25 år gammal visesongar frå Sandefjord, som eigentleg heiter Amund Zimmermann Børresen. Han seier sjølv han er «evig takknemleg» for at Eidsvåg ville vera med.

Den eldste norske artisten som ikkje heiter Eidsvåg til etternamn, er Vinni, som kom seg til topps med «Håpløs» i juni i år i ein alder av 45.

(©NPK)