Partane møttest hos Spekter måndag etter at arbeidsgivarorganisasjonen tok initiativ til nytt forsøk gjennom Riksmeklaren søndag.
– Spekter/Avinor og Flygelederforeningen er svært nøgde med å ha vorte samde, slik at streiken som har ramma passasjerar og flytrafikken, no blir avslutta, seier administrerande direktør i Spekter Anne-Kari Bratten og leiar i Flygelederforeningen Robert Gjønnes i ei felles pressemelding frå Spekter.
Tilbake på jobb
Medlemene av Flygelederforeningen returnerer til jobb så snart det er praktisk mogleg.
Resultatet av forhandlingane inneber at ein har fått på plass ei heilskapleg løysing, og medlemene i Flygelederforeningen får eit lønnsoppgjer i tråd med norma frå frontfaget.
Konflikten har dreidd seg mellom anna om pausar, rammer for instruktørverksemd og livsfasepolitikk for flygeleiarar.
Forhandlingane mellom Norsk Flygelederforening (NFF og Spekter/Avinor Flysikring enda i brot fredag. Ifølgje riksmeklar Mats Ruland har forhandlingane vore blant dei mest krevjande meklingsrundane i luftfarten i år.
– Nokre meklingar er meir krevjande enn andre, og denne er i den krevjande delen av skalaen, sa Ruland torsdag.
Set inn alle ressursar
Konsernsjef Abraham Foss i Avinor er glad for at partane har funne ei løysing som gjer at streiken blir avslutta, men legg ikkje skjul på at det har vore ein krevjande situasjon for svært mange som har vore ramma, skriv han i ein pressemelding.
– No set me alt inn på å få flytrafikken raskast mogleg tilbake som normalt, men det kan framleis vera nokre etterverknader og forseinkingar i ei tid framover, legg han til.
Han understrekar at flygeleiarane gjer ein svært viktig jobb kvar einaste dag, og at det er ein jobb som krev høg kompetanse, presisjon og ansvarskjensle, og som er heilt sentral for ein sikker og velfungerande luftfart.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112094](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/NEgYFmxrsTU.jpg)



0 kommentarer