Honningbarna rykkjer inn i Oslo Spektrum neste år: – Lite som skulle tilseie det

av | 24. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Fire Spellemann-prisar ut i karrieren skal Honningbarna i april neste år opptre i Oslo Spektrum. Det drøymde Edvard Valberg aldri om då dei starta.

– Eg tenkte mange latterlege ting då vi starta dette bandet og har tenkt mange av dei sidan, men Honningbarna i Oslo Spektrum har ikkje vore ein av dei, medgir Valberg ifølgje pressemeldinga og påpeikar:

– Det er vel eigentleg lite som skulle tilseie det: Eit pønkband utan listehits (no hit wonders) og ingen psy-op-label-daddy-marketing.

Bandsjefen trur årsaka er at Honningbarna har gjort som dei vil, og at «bra folk har bygd eit samfunn rundt det».

– Vi er stolte, avrundar han.

Konserten laurdag 3. april 2027 i Oslo Spektrum vil ifølgje arrangøren Luger by på same livsbejaelse og uvisse som då Honningbarna berre spelte stovekonsertar og på tronge klubbscener.

Den blir også den einaste konserten dei gjer i Noreg neste år med unntak av nokre få festivalopptredenar.

Honningbarna dukka opp i 2010 og vann rockeklassen på Spellemann med debutalbumet «La alarmane gå». Dei har ry på seg for sterke liveopptredenar, men også albuma får mykje kritikarros.

Det hittil siste, «Soft Spot», kom i fjor. Det vart nominert til fire Spellemann-prisar og vann i rockekategorien.

(©NPK)