– Eg kan ikkje få understreka sterkt nok alvoret i denne situasjonen. Dette temaet er ei felles bekymring og eit felles ansvar for regjeringane i alle dei nordiske landa, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB.
Kvart år møtest dei nordiske statsministrane til eit sommarmøte. Bakteppet har dei siste åra vore dystert, med krigen i Ukraina og uro i verdsøkonomien som toppsaker. I år har ei ny sak meldt seg på: Vern av barn og unge på nett.
Støre seier statsministrane under møtet utveksla erfaringar om regulering av digitale plattformer og diskuterte tiltak for å verne barn og unge mot skadeleg innhald på nett.
– Vi ser mange av dei same effektane av sosiale medium, internett og digitale hjelpemiddel, og kva konsekvensar det har, utdjupar han.
– Frykteleg urett
Også den amerikanske sosialpsykologen og professoren Jonathan Haidt, forfattaren bak den mykje omtalte boka «Den engstelige generasjonen», var med på møtet.
– Han har vist korleis psykiske helseproblem hos unge gutar og jenter starta og forverra seg i 2012. Det er omtrent på det tidspunktet algoritmane i sosiale medium byrjar å slå gjennom, seier statsministeren.
Støre understrekar at dårlegare skuleresultat ikkje kjem av norske lærarar, men at skjerm øydelegg konsentrasjonsevna til barn og unge. Han kallar utviklinga «ein frykteleg urett mot våre unge».
– Vi veit no frå Riksrevisjonen og andre studiar at skuleresultata innan lesing, skriving og rekning byrja å falle i 2015. Det er eit ganske klart spor. Dette vart beskrive blant dei nordiske statsministrane i dag som eit stort folkehelseproblem i alle land, forklarer Støre.
Statsministeren trekkjer også fram ein fersk Kripos-rapport som viser korleis sosiale medium og spelplattformer i stigande grad blir misbrukte til nettovergrep, mobbing og rekruttering av barn heilt ned i barneskulealder til kriminelle nettverk.
– Noreg har gått føre
Tal frå Medietilsynet viser at over halvparten av norske ni- og tiåringar bruker sosiale medium, trass i dagens aldersgrense på 13 år. Norske styresmakter har allereie innført mobilforbod i skulen, og regjeringa har utarbeidd eit lovutkast om å heve aldersgrensa for sosiale medium til 16 år.
Under møtet gav Støre sine nordiske kollegaer ein gjennomgang av korleis regjeringa jobbar med å innføre lova.
– Her har Noreg gått føre. Eg viste til Arbeidarparti-forslaget om ei aldersgrense på 16 år, og det er noko dei andre landa no studerer med interesse og som vi kjem til å jobbe vidare med saman, seier statsministeren.
Han legg til at landa har vorte samde om korleis dei skal jobbe opp mot teknologiselskapa, noko dei ikkje klarer åleine, men må gjere saman med allierte i mange andre land.
– Når blir dette lovforslaget lagt fram?
– Vi har fått 8000 høyringsinnspel som vi må gå gjennom. Målet er at vi skal leggje fram det i løpet av hausten, slik at vi kan få det vedteke i Stortinget i 2027. Vi vil at barn skal få vere barn, og at skjermar og algoritmar ikkje overtek leik og vennskap.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #111058](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/SA-YodF5oVg.jpg)



0 kommentarer