Ni drepne i massivt russisk åtak mot Kyiv

av | 20. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-Reuters-AFP-NPK): Minst ni personar er drepne og over 30 er såra i russiske luftangrep mot den ukrainske hovudstaden og regionen rundt, ifølgje lokale styresmakter.

Åtte personar er drepne i hovudstaden, ifølgje ordførar Vitalij Klitsjko. Éin mann er drepen og éin annan såra i eit angrep som ramma distriktet Brovary i Kyiv-regionen, opplyser guvernør Tymur Tkachenko.

Russlands forsvarsdepartement stadfestar angrep mot Kyiv og områda rundt og hevdar dei ramma anlegga som produserer dronekomponentar, eit militærlager og eit logistikksenter.

Drone styrta i Romania

Polens luftforsvar melder at dei sende kampfly på vengene som førebyggjande tiltak for å verne luftrommet over Nato-landet, som grensar til Ukraina.

Ifølgje det rumenske forsvarsdepartementet fall ein drone ned i eit aude område i fylket Tulcea i Romania. Fylket grensar til Ukraina.

Departementet seier ikkje noko om opphavet til dronen, om den var på avvegar eller om den hadde vorte skoten ned av ukrainsk luftvern og så fall ned på rumensk side av grensa.

– Massivt angrep

Nyheitsbyrået Reuters melde at det var høyrd meir enn tolv eksplosjonar sentralt i Kyiv tidleg på natta.

Kyivs ordførar Vitalij Klitsjko sa då at det dreidde seg om eit ballistisk rakettangrep som ramma tre ulike bydelar. Både bustadblokker og andre bygningar er trefte, og nokre av bygningane har teke fyr, sa han.

I ei oppdatering seinare på natta skildra han angrepet som massivt. Han sa at både bustadområde og lagerbygningar vart trefte.

– Dei øvste etasjane i ei ni-etasjes bustadblokk har rasa saman, og det braut ut brann, seier han.

– Ein annan stad er folk fastklemde inne i ei bustadblokk, seier han vidare.

Angrep kvar natt

Ordføraren sa tidlegare på natta at folk sat fastklemde i eit tilfluktsrom, utan å oppgi fleire detaljar.

Ukrainas luftforsvar sende ut åtvaringar om russiske kryssarrakettar av typen Kalibr i eit område ved landsbyen Kagarlyk i Kyiv-regionen, med kurs mot hovudstaden.

Kyiv blir utsett for angrep nesten kvar natt. Samtidig har Ukraina eskalert bruken av gjengjeldingsangrep mot Russland dei siste månadene, delvis for å presse Moskva til å setje seg ned ved forhandlingsbordet etter nesten fire og eit halvt år med krig.

(©NPK)