Ukraina har gjennomført droneangrep mot over 20 sentrallager tilhøyrande Russlands største netthandlar Wildberries sidan 18. juli. Store delar av lagerkapasiteten til selskapet, òg kjent som Russlands Amazon, er øydelagde som følgje av angrepa.
Putin, utan å nemne selskapet ved namn, seier at ei rekkje logistikkanlegg må byggjast opp att med statleg involvering, og han ber regjeringa om å arbeide med dette.
Trass i vestlege sanksjonar og ukrainske angrep på industrianlegg, uttalte Putin under ein TV-send økonomikonferanse der ministrar og næringslivsleiarar deltok, at den russiske økonomien veks.
– Slike angrep har sjølvsagt ikkje forårsaka, og kunne ikkje forårsaka, kritiske konsekvensar. Dei påfører likevel skade, det er openbert, og vi forstår og erkjenner det fullt ut, sa Putin.
Ukraina seier strategien bak angrepa er å auke kostnadene for Russland.
Dei kommande månadene skal EU innføre dei mest vidtrekkjande sanksjonane mot Russland så langt, kunngjorde EUs utanrikssjef Kaja Kallas tidlegare denne veka.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #110638](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/mprq0zIiuoM.jpg)


0 kommentarer