Nytt nederlag for Trump i høgsterett

av | 17. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): USAs høgsterett har igjen avvist Donald Trumps krav om å sleppe å betale 5 millionar dollar i erstatning til ein journalist som seier ho vart valdteken av Trump i eit kjøpesenter for 30 år sidan.

I slutten av juni vedtok domstolen av den ikkje ville behandle Trumps anke. Måndag skjedde det same igjen etter at Trumps advokatar hadde bede dommarane om å vurdere saka på nytt.

Trump betalte pengesummen til forfattaren E. Jean Carroll kort tid etter at anken vart avvist i juni.

Han og justisdepartementet har også bede høgsterett om å oppheve ei anna rettsavgjerd, der han vart dømd for å ha komme med ærekrenkjande utsegner om Carroll i 2019, under sin første presidentperiode. I denne saka vart Trump dømd til å betale ei erstatning på 83 millionar dollar. Høgsterett har så langt ikkje teke noka avgjerd i saka.

(©NPK)