Kontrakten vart signert måndag i Kystverkets lokale i Ålesund. Han har ein verdi på om lag 5,6 milliardar kroner eksklusive meirverdiavgift, skriv Kystverket i ei pressemelding.
– Dette er ein historisk dag. Stad skipstunnel er eit prosjekt som har vore planlagt og diskutert i mange tiår, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
Stad skipstunnel skal gå 1700 meter gjennom Stadhalvøya, frå Kjødepollen i Vanylvsfjorden til Moldefjorden ved Selje.
Tunnelen blir 50 meter høg og 36 meter brei – stor nok til at fartøy på storleik med Hurtigruten kan segle gjennom. Tunnelen vil gjere det tryggare å segle gjennom vêrharde Stad.
Stortinget har vedteke ei kostnadsramme på 8,6 milliardar kroner.
Vegen fram til den første fullskala skipstunnelen i verda har vore lang. Prosjektet vart først skrinlagt av regjeringa, men vart teke inn att i det reviderte nasjonalbudsjettet.
Før det hadde prosjektet vore debattert i lang tid. Stortinget vedtok bygging av tunnelen i 2021 med forventningar om at prisen ikkje burde passere 5 milliardar kroner. I dag er han på nesten 9 milliardar kroner.
Byggjetida er berekna til om lag fem år.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #109846](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/9hDFf1X-w0E.jpg)



0 kommentarer