Partileiardebatten var ein opptreden på det jamne, skal ein leggje terningkasta til grunn – men det var Søreide som kom best ut av det heile i debuten sin som partileiar.
Søreide fekk godkjent på opptredenen sin med 4 og 5 frå fleire redaksjonar.
– Ho er roleg, trygg og lukkast med å markere usemje med Arbeidarpartiet. Kanskje noko kjedeleg, men det skil henne frå terrieren til høgre for seg, skriv VG.
Dommen var stort sett den same overfor Støre. Sylvi Listhaug splitta kommentatorane: Dagbladet gav henne ein 3-er, medan TV 2 kåra henne til kveldens beste med ein 6-er.
– Den suverene opposisjonsleiaren. Verkar roleg, med autoritet og proppfull av sjølvtillit. Ho hamrar inn velkjende talepunkt mot politikken til regjeringa, skriv TV 2.
Marie Sneve Martinussen i Raudt begeistra Nettavisa med ein 6-er, medan TV 2 gav henne berre ein 2-er. Guri Melby (V), Dag-Inge Ulstein (KrF) og Kirsti Bergstø (SV) gjorde det svakast.
Drivstoffdramaet held fram
Debatten om det mellombelse kuttet i drivstoffavgifta heldt fram i partileiardebatten torsdag, men ingenting tyder på at det blir fleirtal for å forlengje det etter 1. september.
– Det er forskjell på krise og kvardag og meir normale situasjonar. No er vi i ein meir normalsituasjon når det gjeld oljeprisen. Derfor er det ikkje rett å forlengje avgiftskutta no, sa Søreide.
Ho ville ikkje svare på kor høge drivstoffprisane må bli før det er på tide med ein krisepakke.
– Skulle situasjonen igjen sjå annleis ut, så er vi klare til å ta dei diskusjonane, sa Høgre-leiaren.
Ho vil heller ha skattekutt enn framleis nedsette drivstoffavgifter.
Vart beden om å snu
Både Listhaug og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum bad Søreide om å snu. Då ville det nemleg vore fleirtal for forlenging.
– Høgre må snu. Så løyser vi dette i morgon, i staden for å ha eit seminar om kva vi skal gjere om fire år, sa Vedum.
Listhaug viste til at Høgres søsterparti i Sverige har kutta både drivstoffavgiftene og matmomsen.
– 25 kroner er pumpeprisen mange stader i dag, og med ein auke på nesten 5 kroner frå 1. september, så nærmar vi oss prisar på 30 kroner, sa Frp-leiaren.
Ho gav klar beskjed til statsminister Jonas Gahr Støre:
– Eg synest du skal byrje å stille opp for befolkninga, og ikkje berre for statskassa.
– Betre med breiare ordningar
Statsministeren hadde sett ein heilt annan bensinpris enn Listhaug då han køyrde inn til Arendal for partileiardebatten.
– Der var det 16 kroner literen på bensin og 18 kroner literen for diesel, sa han.
– Det viktigaste målet på om det går bra med ein økonomi, er om folk er i arbeid. Vi har 2,1 prosent arbeidsløyse. Sverige har det dobbelte. Grunnen til at vi har høgare rente, er at det er fart i norsk økonomi, sa Støre.
Listhaug: Deira skuld!
Temperaturen steig nokre hakk då temaet vende seg til integrering. Ordførarane i Sarpsborg og Fredrikstad meiner det er på høg tid at ein tek ein debatt om at enkelte kommunar får ei opphoping av flyktningar som flyttar dit frå kommunane dei først vart busette i.
– Alle desse partia! Hadde de høyrt på kva Framstegspartiet har sagt i 40 år, hadde Noreg vore i ein heilt annan situasjon, sa Listhaug under debatten.
Listhaug skuldar statsminister Jonas Gahr Støre for å vere altfor liberal i innvandringspolitikken.
Ho viste til at Frp allereie under Carl I. Hagen foreslo å stanse busetjing av folk som ikkje kunne forsørgje seg sjølve i andre kommunar for å unngå opphoping av levekårsutfordringar.
– Alle partia stemde imot. No står vi her, og for å seie det rett ut er det all deira skuld at Noreg kom dit vi er, sa Frp-leiaren.
Men Støre meinte Listhaug er best til å peike på problema, utan å ha nokre gode løysingar. Han framheva at det må bli stilt krav til at folk lærer seg norsk og kjem seg i jobb.
Støre: – Datasenter har komme for å bli
Støre vart også konfrontert med kraftmangel og køen av selskap som vil etablere datasenter her i landet. Men han vil ikkje slenge igjen døra for aktørar som vil etablere straumkrevjande datasenter i Noreg. Dei har komme for å bli, påpeika han.
– Vi skal kunne ha datasenter. Men vi skal ha kontroll med dei, la han til.
Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen var heilt usamd.
– Eg er redd for at norske politikarar er altfor naive i møte med utanlandsk storkapital som har skjønt at dei her i Noreg kan få billig straum, byggje ut datasenter og tene store pengar på det, sa ho.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #109136](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/f134xFGkFIc.jpg)



0 kommentarer