Norsk Polarinstitutt har overvaka bestanden av svalbardrein i Adventdalen utanfor Longyearbyen sidan 1979 ved å telje reinsdyr. I teljinga i år fann forskarane 1503 dyr, mot 1348 i fjor.
Og i år vart det berre funne to kadaver, mot 302 i fjor, skriv Forskning.no.
– Vi har aldri sett så få kadaver som i år, samtidig som vi har ein så stor bestand som no. Årsakene er truleg samansette og knytte til lite is og snø på bakken i vinter og den tidlege våren, seier økolog Åshild Ønvik Pedersen, som leier teljingane.
Svalbardreinen har vorte omtalt som ein klimavinnar på Svalbard. Høgare temperaturar gir både meir mat og lengre beitesesongar.
Sidan overvakinga starta, er bestanden tredobla. Bestanden no er den fjerde største som er registrert.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #108225](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/NufhCglFdvE.jpg)



0 kommentarer