(NPK-NTB): 114.000 personar har så langt i år justert verdien av bustaden sin på skattekortet. Det er ein auke på 40 prosent samanlikna med same tidspunkt i fjor.
Talet er òg 23 prosent høgare enn det var i heile fjor. Tala gjeld både primær- og sekundærbustader, viser tal Dagens Næringsliv har henta inn frå Skatteetaten.
Auken kjem etter at regjeringa i år endra modellen for å berekne marknadsverdien på bustader, noko som har ført til høgare bustadverdiar og auka formuesskatt for mange.
Avdelingsdirektør Elisabeth Fischer i Skatteetaten vil ikkje kommentere kvifor fleire endrar verdien.
– Skatteetaten kan ikkje uttale seg om motivasjonen for eventuelle endringar i berekna marknadsverdi av bustad, skriv ho til avisa.
Dei som har justert skattekortet, må leggje inn ny marknadsverdi med gyldig dokumentasjon når skattemeldinga for 2026 kjem neste vår.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #108302](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/UNqXdnSpkJw.jpg)



0 kommentarer