Neisida aukar leiinga på ny EU-måling

av | 11. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Over halvparten av nordmenn, 55 prosent, seier nei til EU-medlemskap i ei ny måling.

Undersøkinga er utført av Verian på vegner av TV 2. Der får neisida 55,1 prosent, ein framgang på 2,2 prosentpoeng sidan førre måling i desember. Jasida går 0,2 prosentpoeng tilbake til 28,6 prosent, medan 16,3 prosent er usikre.

Av dei spurde som har ei meining om saka, seier 65,9 prosent nei til å søkje medlemskap i EU.

– Dette stadfestar biletet av at neisida har solid fotfeste i Noreg, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad.

Sp-politikaren meiner dei norske prestasjonane under fotball-VM-et i sommar har auka nasjonalkjensla og gjort nordmenn meir motstandsdyktige mot EU-medlemskap.

– På same måte som Tidemand og Gudes brudeferd i Hardanger var ein del av nasjonsbygginga vår, så vil fotball-VM vere ein av tinga vi har med i sekken når vi byggjer nasjonal identitet, seier Pollestad.

Aller mest EU-vennlege i TV 2-målinga er MDG-veljarar med ein ja-andel på 81 prosent. Senterparti-veljarar er mest negative med heile 94,9 prosent.

Undersøkinga er basert på 988 intervju utførte mellom 3. og 8. august. Feilmarginen er på +/- 3,2 prosentpoeng.

Målinga kjem kort tid før Island skal stemme over om dei vil ta opp att medlemskapsforhandlingane med EU. Det skjer laurdag 29. august.

(©NPK)