Det ser mørkt ut for solformørkinga i Noreg

av | 11. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Omtrent heile landet blir dekt av skyer når det er delvis solformørking over Noreg i morgon kveld, mellom klokka 19.30 og 20.

Størst håp om å kunne sjå noko av solformørkinga er det i Rogaland og Aust-Finnmark, men høge skyer kan øydeleggje sikta, opplyser Yr.no.

Meteorologisk institutt får mange førespurnader om kvar i landet vêret blir best om ein vil ha med seg fenomenet.

– Dei aller, aller beste sjansane er i Rogaland og i Aust-Finnmark. Så er det særleg heilt sør i Sør-Noreg at ein har eit lite håp. Om ein ikkje ser heile, så kan ein i alle fall kanskje få eit glimt av det, seier vakthavande statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved til NTB.

Solformørkinga, det vil seie at månen dekkjer heile eller delar av sola, vil vare omkring ein time og 50 minutt medan månen passerer framfor sola, ifølgje Himmelkalenderen. Dei eksakte tidene og grada av formørking varierer litt med kvar i Noreg ein observerer frå. Maksimal fase er mellom klokka 19.30 og 20, og formørkinga er 81-85 prosent på fastlandet i Noreg og opptil 91 prosent på Svalbard.

I eit 30 mil breitt belte over Spania, Atlanterhavet og Island onsdag kveld er det total solformørking.

Seinare på natta kjem ein meteorsverm over himmelen. Då er det større håp om å sjå noko. Då er sjansen best lengst sør i landet og i Finnmark.

(©NPK)