Kryptomoglegheit vart lansert på Gardermoen – blir brukt av berre éin til to i månaden

av | 10. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): I fjor opna taxfree på Gardermoen for bitcoin som betalingsmiddel. Berre éin til to personar nyttar seg av tilbodet kvar månad.

– Det har ikkje vorte like populært som vi trudde, men ubrukt er det ikkje, seier Haakon Dagestad, nestleiar for Travel Retail Norway, som driv taxfree-butikken på Gardermoen, til E24.

Så vidt han veit, er flyplassen den første i verda med eit slikt taxfreetilbod.

– For oss handlar det om læring for å vere førebudd på kva som skjer framover, og at utanlandske passasjerar ønskjer å bruke det som betalingsmiddel, seier Dagestad.

Bitcoin er utsett for svingingar i verdi, og betalingar blir dermed låste til kronekursen når kjøpet blir gjort.

Taxfree-butikken vekslar valutaen med ein gong og blir ikkje sjølv sitjande på krypto.

(©NPK)