Temperaturen vart målt til 41,2 grader i landsbyen Bad Deutsch-Altenburg. Målinga onsdag slo den førre rekorden på 41 grader, som vart sett i hovudstaden Wien tysdag.
Den siste hetebølgja rammar Austerrike etter fleire månader med høge temperaturar og lite nedbør. Ei rekkje lokale rekordar er allereie brotne.
Landet registrerte sin fjerde varmaste juli nokosinne, og ved enkelte målestasjonar var nedbørsunderskotet på 90 prosent, ifølgje den nasjonale meteorologitenesta. Austerrike vart allereie i juni ramma av den lengste hetebølgja landet har registrert.
Europa har vore plaga av gjentekne hetebølgjer i sommar, eit vêrfenomen forskarar har sett i samanheng med menneskeskapte klimaendringar.
Klimaendringane har også forverra tørken i store delar av Europa, og ekstremvarmen er hovudårsaka til dei usedvanleg tørre forholda, ifølgje ekspertar.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106338](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/hDw0PxfxAgs.jpg)



0 kommentarer