Det vart først målt 40,8 grader i Stammersdorf nord i hovudstaden Wien tysdag, opplyser Geosphere. Seinare same dag vart det målt 41,0 grader same stad, opplyser tenesta.
Den førre varmerekorden kan dermed vere slått med heile 0,5 grader. Den vart sett i Bad Deutsch-Altenburg aust i Austerrike, der det vart målt 40,5 grader 8. august 2013.
Den siste hetebølgja rammar Austerrike etter fleire månader med høge temperaturar og lite nedbør. Ei rekke lokale rekordar er allereie brotne.
Landet registrerte sin fjerde varmaste juli nokosinne, og ved enkelte målestasjonar var nedbørsunderskotet på 90 prosent, ifølgje vêrtenesta.
Tidlege aprikosar
Den globale oppvarminga påverkar naturlegvis jordbruket. I Austerrike har aprikosar i år byrja å modnast 20 dagar tidlegare enn snittet som er registrert i perioden frå 1961 til 1991, påpeikar Geosphere.
I Wien beskriv restauranteigaren Nasir Dis (60) vêret som «ein katastrofe» og viser til at han har veldig få besøkjande.
– Vi ventar berre på at denne heten skal vere over. Kva kan vi gjere? Ingenting. Ingen ønskjer å ete eller drikke noko. Alle vil berre stenge seg inne heime, hevdar han.
Austerrike vart allereie i juni ramma av den lengste hetebølgja landet har registrert.
Europa har vore plaga av gjentekne hetebølgjer i sommar, eit vêrfenomen forskarar har sett i samanheng med menneskeskapte klimaendringar.
Klimaendringane har også forverra tørken i store delar av Europa, og ekstremvarmen er hovudårsaka til dei usedvanleg tørre forholda, ifølgje ekspertar.
Fransk varmerekord
Tysdag vart det også stadfesta at juli vart den varmaste månaden som er registrert i Frankrike, der målingane starta for 126 år sidan.
Juli slo dermed dei tidlegare rekordane frå hetebølgjene i august 2003 og juli 2006. Temperaturen bikka 40 grader fleire stader.
Gjennomsnittstemperaturen enda på 24,9 grader, 0,1 grad over den førre rekorden frå august 2003 og ei halv grad høgare enn i juli 2006.
Det var også den tredje tørraste julimånaden som er registrert, med 70 prosent mindre regn enn gjennomsnittet, melder Météo-France. Det førte til knusktørr vegetasjon og auka risiko for skogbrannar.
Etter fleire hetebølgjer opplevde Frankrike dei største skogbrannane i juli sidan 1949. I Gironde sørvest i landet vart 420 kvadratkilometer svidd av, eit område fire gonger så stort som Paris.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #105944](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/eDUTr_MEXXk-1.jpg)



0 kommentarer