(NTB-NPK) Luftforsvaret siktar mot å innføre 16 månaders førstegongsteneste frå slutten av 2027.
Det melder Teknisk Ukeblad. Endringa vil forlengje tenesta med fire månader, sjølv om enkelte også gjennomfører 16 og 18 månader lange tenester.
– Det er vedteke at vi frå slutten av 2027 jobbar mot å innføre 16 månaders førstegongsteneste for alle i Luftforsvaret, skriv kommunikasjonssjef i Luftforsvaret, Eivind Byre.
Byre fortel at grepet er ein del av forsvarsløftet, som er langtidsplanen for forsvarssektoren fram til 2036.
Endringa blir grunngitt med at teknologiske oppgraderingar innan dronar og droneforsvar krev meir trening for kvar enkelt soldat.
Den moglege endringa gjeld berre for Luftforsvaret.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106332](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/SKOFe7DjAds.jpg)



0 kommentarer