Legar ved St. Olav: Nær halvparten av hovudskadepasientane i Gaza var barn

av | 27. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Nær halvparten av alle pasientar med penetrerande hovudskadar sør i Gaza var barn, viser ein ny studie gjort av legar ved St. Olavs hospital.

Med penetrerande hovudskadar siktar ein til skadar der fragment eller kuler har trengt inn i hjernen, skriv Adresseavisen.

Den første artikkelen, som omhandlar barna i studien, vart publisert i midten av mai i det anerkjende medisinske tidsskriftet JAMA Network Open.

Studien omfattar 719 pasientar behandla ved to sjukehus i Gaza dei første ni månadene av 2025. I denne perioden gjekk det føre seg krigshandlingar i området. Av desse pasientane var 321 barn, med ein medianalder på 13 år.

– Då eg såg resultatet av analysen, vart eg veldig trist. Studien dokumenterer korleis krig rammar barn med død og alvorlege skadar, seier professor Sasha Gulati ved St. Olavs hospital til Adresseavisen.

Over 90 prosent av hovudskadane kom av splintskadar frå eksplosive våpen, medan rundt 10 prosent var skotskadar mot hovudet. Blant barna som kom til sjukehus, var dødelegheita 30 prosent. Berre 17 prosent av barna med hovudskade gjekk gjennom kirurgi.

– Det betyr at litt over eitt barn er innlagt kvar dag med eksplosjonsskadar eller skotskadar inn i hjernen. Det kan ikkje samanliknast med noko eg har sett eller lese før, seier lege Joakim Stray Andreassen, som seier han vart sjokkert av resultata.

No håpar Stray Andreassen at også andre vil la seg sjokkere av tala, slik at ein kan få til endringar.

(©NPK)