Han skal dermed kjempe mot republikanaren Mike Rogers om ein plass i det amerikanske Senatet.
Analyseavdelinga i NBC hadde på førehand rekna seg fram til at det ville gå vegen for El-Sayed, og at det ville bli omtrent umogleg for motstandaren å ta igjen leiinga.
Det var svært jamt mellom han og den moderate partifellen, kongressrepresentant Haley Stevens.
– Vi visste at dette kom til å bli eit jamt løp, og det er nøyaktig det vi har fått, sa Stevens til støttespelarane sine natt til onsdag.
Kappløpet har fått nasjonal merksemd fordi valresultatet kan avgjere kva parti som kontrollerer Senatet. Den representerer også kampen mellom den meir konservative majoriteten i det demokratiske partiet og den radikale fløya.
Venstresideprofilane Bernie Sanders og Alexandria Ocasio-Cortez støttar El-Sayed, medan Demokratanes minoritetsleiar i Senatet Chuck Schumer støttar Stevens.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106195](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/tMFgNNrRSiA.jpg)



0 kommentarer