Elevar med mellom anna dysleksi får låne skulelydbøker likevel

av | 5. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Rundt 10.000 elevar med dysleksi og andre lesevanskar kan låne skulelydbøker etter at Kunnskapsdepartementet snur i saka om skulelydbokordninga.

– Dette er svært gode nyheiter. Vi er veldig glade for at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har høyrt på oss og vel å snu i denne saka, seier generalsekretær Caroline Vigestad Solem i Dysleksi Norge i ei pressemelding.

Det er Statped, eit direktorat under Kunnskapsdepartementet, som produserer lydbøkene, skriv Utdanningsnytt.

Ifølgje avisa skulle Statpeds mandat endrast etter sommaren, slik at berre svaksynte og blinde kunne låne.

Avgjerda betyr at elevar med dysleksi og andre lesevanskar framleis får tilgang til skulelydbøker. Det er avgjerande for at dei skal kunne tileigne seg undervisninga på lik linje med andre elevar, meiner Dysleksi Norge.

(©NPK)