Fruktsukker peika ut som drivar for kreft

av | 4. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Mette Bjørberg Estep): Ein ny studie frå Wistar Institute i USA har avdekt ein uventa samanheng mellom fruktose, eit vanleg sukker i kosten, og spreiinga av ei aggressiv form for eggstokkreft.

– Nokre kreftceller som overlever cellegift, deler seg ikkje lenger, men dei er framleis biologisk aktive. I staden held dei fram med å frigjere molekyl som sender signal til nærliggjande celler. Studien vår er blant dei første som viser at eit næringsstoff – i dette tilfellet fruktose – kan fungere som eit av desse signala, seier postdoktor Aidan Cole ved laboratoriet ved Wistar Institute i ei pressemelding.

Forskarane ved instituttet i Philadelphia har studert kreftceller som ikkje vart drepne av cellegift under behandling. Dei meiner dei har avslørt ein tidlegare ukjend måte behandlingsoverlevande kreftceller bruker for å fremje ny spreiing av kreft på.

Studien er nyleg publisert i Nature Aging.

Høg risiko for tilbakefall

Dei fleste kvinner med eggstokkreft må gjennom cellegiftkurar. Mange pasientar får god effekt i starten. Andelen som får tilbakefall av sjukdommen etter behandling, er likevel høg.

Tidlegare forsking har antyda at kreftceller som ikkje blir drepne av cellegift, spelar ei rolle i tilbakefall. Forskarane ved Wistar samla molekyl som vart frigjorde av slike overlevande kreftceller, og fann at desse molekyla åleine kunne auke spreiinga av kreft stort.

– Det er molekyla desse cellene frigjer, ikkje cellene sjølv, som driv spreiinga til kreften, seier Cole.

Det viste seg at dei overlevande cellene produserte fruktosemolekyl og sende desse som signal for auka spreiing.

Cole trur denne mekanismen ikkje berre er avgrensa til eggstokkreft, og neste steg er å teste om andre kreftformer, som kreft i bukspyttkjertel, tjukktarm og lever, kan spreie seg på liknande måte. Arbeidet er allereie i gang.

Ikkje testa på pasientar

Forskarane meiner funna viser at enkle kosthaldsendringar kan påverke korleis kreften utviklar seg. For ein kan gjere noko med fruktoseinntaket, i motsetning til mange kreftrisikofaktorar utanfor kontrollen til pasienten.

I USA står for døme maissirup, produsert av maisstivelse og med høgt innhald av fruktose, for 8-20 prosent av dagleg kaloriinntak. Godteri, ultraprosessert mat, saft og brus kan også ha svært høgt innhald av fruktose.

Samtidig understrekar forskarane at dei enno ikkje har testa direkte hos pasientar om det har nokon faktisk effekt på kreftførekomsten å avgrense fruktoseinntaket.

Kreftforeningen i Noreg seier studien er interessant.

– Vi heiar sjølvsagt på all forsking som blir gjord på dette feltet. Samtidig er det ein metodestudie som er gjennomført på celler og mus, og har altså ikkje vorte testa på nokon pasientar endå. På sikt kan studiar som dette bidra til å finne gode forklaringar som kan nyttast som førebyggjande arbeid, men det skal veldig mykje forsking til før vi er der, seier assisterande generalsekretær Ole Alexander Opdalshei i ein kommentar til NTB.

Ikkje dropp frukt og bær

Kreftforeningen håpar folk ikkje får inntrykk av at ein må ete mindre frukt og grønt på grunn av den nye studien.

– Høgt inntak av frukt og grønt er knytt til lågare risiko for hjarte- og karsjukdommar, og dessutan ulike kreftformer, seier Opdalshei.

Om ein vil kutte i fruktsukkerinntaket, er det ein annan stad ein bør byrje: Brus, saft og godteri bidreg med over halvparten av sukkerartane i kosthaldet. Når fruktosen blir brukt som søtingsmiddel, gir det berre tomme kaloriar.

Frukt og bær bidreg med rundt 10–15 prosent av sukkeret i kosten vår, men der har råvarene helsefremjande innhald av vitamin, mineral og fiber.

(©NPK)