Framleis innloggingsproblem for ei rekkje offentlege tenester

av | 3. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Ei rekkje offentlege tenester, som ID-porten, Helsenoreg og Altinn er ramma av digitale problem, melder Digitaliseringsdirektoratet (Digdir).

Problema oppstod natt til måndag, og i 10-tida var problema enno ikkje løyste. Årsaka til innloggingstrøbbelet er ikkje kjent.

– Driftspartnar jobbar med å løyse problemet, men vi har ikkje noko klart anslag for når problema vil bli løyste, seier kommunikasjonsrådgivar Sara Naziri i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) til NTB.

Følgjande tenester er ramma: ID-porten, MinID, eFormidling, sjølvbeteningsløysingar, Altinn, Kontakt- og reservasjonsregisteret, eInnsyn, Maskinporten, ELMA og Ansattporten.

Norsk helsenett opplyser i ei eiga melding at Helsenoreg, som bruker Digdirs innloggingsløysingar, også er ramma.

– Vi opplever for tida problem med innlogging for Helsenoreg, står det i ei melding frå Norsk helsenett.

I slutten av juni vart Digdirs leverandør Vivicta utsett for eit tenestenektangrep (DDoS-angrep). Det er ei medviten overbelastning av ei digital teneste med kunstig nettverkstrafikk slik at nettstaden blir utilgjengeleg.

Angrepet førte ikkje til tryggingsbrot, men gjorde tenestene utilgjengelege frå 13-tida laurdag 20. juni til ut på formiddagen dagen etter.

(©NPK)