Under EU-møtet tysdag fordømde Frankrikes innanriksminister Laurent Nunez forsøk på å splitte organisasjonen over migrantkrisa i Ceuta i Spania.
Spanias innanriksminister Fernando Grande-Marlaska seier at 70.000 vart sende frå Ceuta tilbake til Marokko i helga.
Laurent Nunez understrekar samtidig at Frankrike hjelper til med handteringa av migrantane dersom det er behov, gjennom EUs grensestyrke Frontex.
Vidare opplyser han at alle innanriksministrane på videomøtet vart samde om å gjere meir for å få bukt med menneskesmugling. Han la til at styresmaktene i Italia og Frankrike også skal ta grep for å styrkje grensekontrollen mellom dei to landa.
Spanias innanriksminister Fernando Grande-Marlaska opplyste til EU-kollegaene sine på møtet at det førebelse dødstalet etter migrantkrisa no er 75.
Han fortel vidare at styresmaktene ikkje fekk noko varsel frå etterretningstenesta om straumen med migrantar, og at han ikkje har svekt Schengen-samarbeidet.
(©NPK)




0 kommentarer