(DPA-AFP-NTB-NPK) 20.000 innbyggjarar og turistar utanfor Bordeaux har vorte evakuerte frå skogbrannane som spreier seg i regionen. Ingen er så langt skadde.
Det skriv den franske avisa Le Monde torsdag.
Rundt 10.000 turistar er blant dei evakuerte. Til saman har åtte feriesenter og tre campingplassar vorte tømde. I tillegg har rundt 1000 lokale innbyggjarar vorte evakuerte.
Brannen braut ut i småbyen Saumos midt på dagen onsdag og har allereie ramma eit område på 24 kvadratkilometer. Det omfattar områda Le Porge og Lège-Cap-Ferret ved kysten mot Biscayabukta, vest for Bordeaux.
Rundt 500 brann-og redningsmannskap kjempar mot flammane, og situasjonen er framleis utfordrande. Fire brannfly og 150 køyretøy frå nødetatane er også sette inn.
(©NPK)




0 kommentarer