(NPK-NTB-Reuters): 14 menneske døydde då fleire lyn slo ned i den mineralrike delstaten Jharkhand aust i India tysdag.
Dødsfalla er dei siste som blir sette i samanheng med det årlege monsunregnet som har forårsaka flaumar og jordskred andre stader i India.
Dei fleste av dei døde var bønder som var ute på opne jorder. Minst sju vart skadde.
Det indiske meteorologiske instituttet varslar framleis mykje regn i delstaten dei kommande dagane.
I 2025 døydde opp mot 200 menneske som følgje av lynnedslag i denne delstaten åleine, ifølgje instituttet.
Nesten 90 menneske har mista livet under det kraftige regnet og etterfølgjande flaumar i den nordaustlege delstaten Assam, medan 15 døydde i den sørlege delstaten Kerala, der titusenvis har måtta flykte frå heimane sine.
(©NPK)




0 kommentarer