(NPK-NTB): Ein velferdssjekk på ei privat adresse i Troms har utvikla seg til ein væpna politiaksjon, opplyser politiet.
– Vi har ein væpna aksjon på ei privat adresse i Troms, skriv operasjonsleiar Eirik Kileng i Troms politidistrikt i politiloggen.
Politiet rykte ut for å utføre ein velferdssjekk på ei adresse, men måtte trekkje seg tilbake etter å ha vorte trua med det som vart oppfatta som eit våpen.
Fleire patruljar er sende til staden, og det vil vere synleg politiaktivitet i området, opplyser politiet.
Politiet opplyser like etter klokka 19 at dei ikkje ønskjer media eller andre inn i området av omsyn til deira eigen tryggleik.
Meldinga om hendinga kom klokka 18.06 tysdag.
(©NPK)


0 kommentarer