– Sjølv om Pisa-resultata ikkje gir oss heile biletet av norsk skule, er det alvorleg at så mange elevar presterer på lågare nivå, spesielt i lesing, seier leiar Geir Røsvoll i Utdanningsforbundet.
Tysdag vart Pisa-resultata lagde fram. Dei viser at norske elevar gjer det dårlegare enn gjennomsnittet i OECD og at resultata har gått mykje tilbake sidan 2022. Andelen elevar som presterer under grensa for kva ein bør kunna for å vera godt førebudd til utdanning og arbeidsliv, har auka kraftig, til nesten 3 av 10 elevar.
– Resultata er urovekkjande. Derfor treng me eit skulepolitisk forlik, seier Røsvoll.
– Det er grunn til å tru at manglande leseferdigheiter hos ein stor del barn og unge vil skapa endå større skilnader og meir fråfall, seier han.
Han etterlyser ein utdanningspolitikk med tillit til lærarane, eit breitt kunnskapssyn og investeringar innan utdanning.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #117890 Dods2q43ahc](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/dodS2Q43aHc.jpg)



0 kommentarer