Presidentordren kjem knapt éin månad etter at USAs høgsterett avviste Trumps forsøk på å innskrenke retten til statsborgarskap i landet. Då ville han ha ei strengare tolking av grunnlova slik at den automatiske retten til statsborgarskap ikkje skal gjelde dersom foreldra til barnet sjølv ikkje har amerikansk statsborgarskap eller lovleg opphald i USA.
Den nye ordren tek sikte på å forby såkalla «fødselsturisme», der gravide reiser til USA for å føde, slik at barna deira automatisk får amerikansk statsborgarskap.
Etter at han sist vart avvist i høgsterett, skreiv Trump i eit innlegg på Truth Social at han straks ville ha ein ny rettsrunde. Samtidig hevda han at det er sett opp plakatar langs heile grensa i sør og i Mexico som reklamerer for statsborgarskap ved fødselen.
– Liknande skilt blir også sette opp over heile landet vårt. Dette kjem til å bli den vanlegaste måten å få statsborgarskap på, skreiv Trump.
Han hevda også at plakatane tilbyr «fødslar frå 4000 dollar» og at nokon kjem til å tene milliardar av dollar på det han kallar eit bedrageri.
I det 14. tillegget til den amerikanske grunnlova står det at «alle personar fødde eller naturaliserte i USA, og underlagde jurisdiksjonen der, er borgarar av USA og den delstaten dei bur i».
I siste rettsrunde heldt USAs høgsterett oppe den allereie anerkjende tolkinga av grunnlovstillegget, som slår fast at alle som er fødde i USA, uavhengig av tilknytinga foreldra deira har til landet, er amerikanske borgarar.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106777](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/GNFZnNzwbzU.jpg)



0 kommentarer