Tre kvinner knivstukne i Paris – mann pågripen

av | 27. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-Reuters-AFP-NPK): Tre kvinner er skadde i eit knivangrep i Paris, opplyser politiet. Ein mann er pågripen.

Mannen vart ifølgje politiet pågripen etter å ha angripe folk med to knivar ved Porte de Clichy, som ligg i 17. arrondissement nordvest i den franske hovudstaden. Det er også namnet på ein T-banestasjon, men det er uklart om angrepet skjedde der.

Identiteten til den mistenkte gjerningsmannen eller motivet for knivangrepet er ikkje kjent.

– Offera for knivangrepet i Paris er alle kvinner, seier innanriksminister Laurent Nuñez.

Hendinga fann stad rundt klokka 11.30 måndag. Ifølgje BFMTV blir tilstanden karakterisert som kritisk, men ikkje livstruande, for to av offera.

Mistenkte vart pågripen raskt av ein politibetjent som ikkje var på vakt.

(©NPK)