To redda i live ut av tunnel i Nepal

av | 4. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): To arbeidarar er redda i live ut av ein tunnel ved eit vasskraftverk i Nepal, ni dagar etter flaumkatastrofen i Himalaya.

Det stadfestar regjeringa i landet. Tilstanden til begge mennene blir karakterisert som stabil. Den eine av dei vart boren bort på skuldrene til ein av redningsarbeidarane, viser bilete frå staden.

Begge var i ein tunnel ved vasskraftverket Trishuli 3a, eitt av ei rekkje kraftverk som vart ramma av den kraftige flaumen.

Over 500 arbeidarar ved Trishuli 3a er sakna, ifølgje ein organisasjon for kraftprodusentar i landet. Styresmaktene håpar fleire vil bli redda i live.

– Me ventar på at fleire og fleire vil bli redda, skriv Nepals kommunikasjonsminister Bikram Timilsina i sosiale medium.

Redningsarbeidarane høyrde røyster frå hovudtunnelen til kraftverket fredag morgon, før dei to mennene vart funne.

Flaumkatastrofen hende onsdag førre veke då enorme mengder vatn, gjørme og vrakgods rasa nedover dalføret nær grensa mellom Nepal og Tibet. Årsaka var eit massivt skred oppe i fjella som vart utløyst då ein isbre kollapsa.

I Nepal er 1259 menneske stadfesta døde etter flaumen, medan over 5000 har status som sakna. Ifølgje statlege kinesiske medium er 21 stadfesta døde og 541 sakna i Tibet.

(©NPK)