– Me har ein prognose som seier at prisane skal oppover mot 2030 og nærma seg resten av Norden, seier Thema-analytikar Anders Strand Ryssdal til Europower.
Mange år med stort kraftoverskot har gitt regionen låge straumprisar, men no snur utviklinga. I april innførte Statnett tilknytingsstopp nord for Svartisen for nye industriprosjekt.
Det løyser ikkje problemet, ifølgje Ryssdal.
– Sjølv om det no er tilknytingsstopp, er det allereie veldig mange som har fått nettilgang. Forbruket ligg an til å auka mykje. Det vil gjera at det kraftoverskotet som gir dei veldig låge prisane, vil forsvinna.
Mykje av overskotet vil forsvinna før 2030, drive av datasenter og elektrifiseringa av Melkøya. Samtidig blir det bygd lite ny kraft.
– Det var ingen som føresåg datasentera, forklarer analytikaren, og viser til at det tek 8–15 år å byggja transmisjonsnett.
Utviklinga i Sverige og betre nettsamband vil også pressa prisane opp mot resten av Norden, ifølgje Ryssdal.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116628 Cgqqvcmvjas](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/cGqQVCmVjAs.jpg)



0 kommentarer