(NPK-NTB): Tidlegare leiar for Unge Høgre, Paul Joakim Sandøy, vart fredag utnemnd til dommar ved Oslo tingrett.
Sandøy var leiar for Unge Høgre frå 2012 til 2014.
Sandøy har jobba i Oslo tingrett sidan 2024. Først som dommarfullmektig frå 2024 til 2026, deretter som konstituert tingrettsdommar frå 2026 til no.
Han har òg erfaring som advokat i Elden Advokatfirma.
(©NPK)




0 kommentarer