(NPK-NTB): Tidlegare Sp-politikar Hege Åse Solbakken vart i statsråd fredag utnemnd til statsforvaltar i Vestland.
– Solbakken har solid leiarerfaring frå privat sektor, god innsikt i offentleg forvaltning og god kjennskap til Vestland fylke, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).
– Hennar breie kompetanse og evne til å byggje relasjonar vil vere viktige kvalitetar i rolla som statsforvaltar, legg Tung til.
Solbakken var statssekretær og stabssjef i Stoltenbergs andre og tredje regjering, og dessutan politisk rådgivar i Bondeviks første regjering. Ho har også erfaring frå privat næringsliv som toppleiar i rekrutterings- og konsulentbransjen og havnæringa.
Solbakken var éin av berre fire som søkte på rolla som statsforvaltar.
(©NPK)




0 kommentarer