Tankskip kapra utanfor Jemen

av | 20. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Væpna personar har borda og omdirigert eit tankskip utanfor Jemen i retning Somalia.

Det opplyser fleire tryggingsbyrå, blant dei EUs maritime tryggingssenter i Indiahavet (MSCIO).

Oljetankaren SIBU 1 sende ut eit nødsignal om lag 136 nautiske mil aust for al-Mukalla i Jemen.

– Tankaren har ifølgje meldingane vorte kapra av seks væpna personar som no har kontroll over fartøyet og omdirigerer det til Somalia, seier MSCIO.

Piratverksemda utanfor Somalia nådde eit toppunkt i 2011 med fleire hundre angrep. Etter nokre rolegare år har ho no teke seg opp igjen, ifølgje EUs marineoppdrag Atalanta.

(©NPK)