(NTB-NPK): «Hjelp med Nav»-tilbodet til Stiftelsen Rettferd blir igjen sett i gang etter nye løyvingar i revidert nasjonalbudsjett. Initiativet skal gi gratis råd, rettleiing og hjelp til folk med kompliserte Nav-saker.
– Gjenopninga er mogleg takka vere løyvinga på éin million kroner som Stiftelsen Rettferd fekk gjennom avtalen mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV, Raudt og MDG i samband med revidert nasjonalbudsjett, forklarer generalsekretær Tor Bernhard Slaathaug i ein e-post til NTB.
Tilbodet vart avslutta grunna manglande midlar i januar i år. Det nye tilskotet skal brukast til to nyoppretta stillingar, seier generalsekretæren.
– Vi har tilsett ein ny saksbehandlar som skal bidra til å redusere saksbehandlingstida i rettferdsvederlagsaker, samtidig som vi har engasjert ein juridisk rådgivar med solid Nav-kompetanse som skal leie arbeidet.
– Navs regelverk kan vere vanskeleg å forstå, og mange synest det er krevjande å vite kva rettar dei har, eller korleis dei skal gå fram når dei er usamde i eit vedtak. For menneske som allereie er i ein sårbar livssituasjon, kan slike utfordringar få store konsekvensar – både økonomisk, sosialt og helsemessig, seier Slaathaug.
(©NPK)




0 kommentarer