Det er litt over eitt år sidan raketten vart send opp frå jorda. Det er den øvste delen av raketten som enda opp i kurs mot månen.
Ekspertar seier ein liten dytt heller kunne sendt raketten i retning sola. Men sjølv om det ikkje var meininga at han skulle suse direkte mot månen, følgjer ekspertane no nøye med for å sjå korleis samanstøyten vil gå føre seg.
Bekymra for auka romsøppel.
Onsdag vil raketten smelle ned på ei aude slette nær eit krater ved namn Einstein-krateret. Det er venta at raketten vil skape eit nytt stort krater og at mykje vrakrestar og månestein vil bli sende ut i bane rundt månen.
Sjølv om forskarane ikkje er bekymra for akkurat denne hendinga, er det mange som påpeikar at det er ei auka bekymring med stadig meir vrakrestar og såkalla romsøppel.
– Det byrjar å bli litt fullt der oppe, seier romekspert Bill Gray til nyheitsbyrået AP.
Det er den andre kjende raketten som krasjlandar på månen ved ein feil. I 2022 krasja ein kinesisk rakett på månen og skapte fleire krater.
Viktig for framtidige måneferder
Observasjonane av rakettkollisjonen skal hjelpe forskarar å sjå korleis framtidige astronautar må navigere rundt liknande vrakrestar og romsøppel.
Raketten vart skoten opp i januar i fjor og hadde med seg to private månelandarar. Den eine krasja, medan den andre landa vellykka. Om bord på månelandingsfartøyet er utstyr frå den amerikanske romfartsadministrasjonen Nasa, som skal gjere eksperiment.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #104972](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/TS-41PMoyok.jpg)



0 kommentarer