Slottet utvidar opningstidene for defilering

av | 4. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB) Det er lange køar utanfor Slottskapellet for å ta eit siste farvel med kong Harald. I dei kommande dagane fram mot gravferda blir opningstidene derfor utvida.

Det opplyser Slottet i ei pressemelding.

Laurdag, søndag og måndag held Slottskapellet ope frå klokka 10 til klokka 23. Tysdag, dagen før gravferda, er opningstida frå klokka 10 til klokka 19.

Slottet åtvarar samtidig om at køane kan vere opptil fire timar lange.

– Køane er kortast om morgonen. Vertar vil informere i køen dersom vi ser at det er nokon som mest sannsynleg ikkje vil rekke å komme inn i Slottskapellet denne dagen, skriv dei i pressemeldinga.

(©NPK)