Noreg sender 1,8 tonn medisinsk utstyr til Nepal

av | 4. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB) Nepal har bede om internasjonal hjelp etter flaum- og skredhendingane i landet. Noreg sender derfor 1,8 tonn medisinsk materiell og beredskapsutstyr til landet.

– Situasjonen i Nepal er svært alvorleg. Når eit land blir ramma av ein katastrofe av dette omfanget, er det viktig at det internasjonale beredskapssamarbeidet fungerer, seier Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i ei pressemelding.

Etter flaumen som ramma Bhote Koshi-området 26. august, er det funne 1287 omkomne. Rundt 5600 menneske er framleis sakna, og nesten 12.000 er redda, viser tala frå nepalske styresmakter. I tillegg er 31 stadfesta døde og 531 sakna i Tibet.

Flaumskadane er rekna til 24 milliardar kroner. Nepal har bede om internasjonal hjelp gjennom mellom anna EUs krisekoordineringssenter, ERCC. Landet har sagt ja til Noregs tilbod om medisinsk utstyr.

– Sendinga består av 11 pallar med ei samla vekt på 1801 kilo. Totalt blir 63.805 einingar og artiklar sende, står det i pressemeldinga.

Utstyret består hovudsakleg av medisinsk forbruksmateriell som bandasjar og sårbehandlingsutstyr, infusjons- og injeksjonsutstyr, munnbind, hanskar og anna personleg verneutstyr. I tillegg er det kledning, fottøy, sekker og bagar.

Materiellet kjem frå rullering av behaldningane til Norwegian Emergency Medical Team (NOR EMT) og inngår ikkje lenger i den operative beredskapen, står det i meldinga.

(©NPK)