Skogbrannar i Canada gav røyklukt på Vestlandet

av | 28. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): I helga lukta det røyk fleire stader på Vestlandet. No er det klart at røyken stammar frå store skogbrannar i Canada.

Statsmeteorolog Leonidas Tsopoluridis seier til NRK at kraftig vestavind har frakta røyken og forureininga over Atlanterhavet og til Noreg, der det medførte røyklukt mellom anna i Bergen.

– Forureininga og røyken blir dregne ned til bakken med nedbøren. Sidan Bergen er ein by med mykje regn, er det her dei hamnar, seier meteorologen.

Bergens Tidende omtalte saka laurdag.

Ifølgje NRK lukta det brent i rundt 30 minutt laurdag, og 10 minutt søndag.

Sjølv om utsleppa inneheld karbondioksid og partiklar frå brannane, understrekar Tsopoluridis at røyken er så uttynna at han ikkje medfører helsefare for folk i Noreg.

(©NPK)