Siste moglegheit for å sjå kong Haralds båre i dag

av | 8. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Den siste veka har det vore mogleg for publikum å ta farvel ved kong Haralds båre i Slottskapellet. I dag er siste moglegheit.

Sidan tysdag 1. september har det vore mogleg å komme inn i Slottskapellet for publikum, men det har vore lange køar. Laurdag blei det meldt om inntil sju timar kø.

Rundt 5000 har vore innom kvar dag sidan det opna. I helga utvida Slottet opningstidene, og laurdag defilerte nær 7000 forbi båra til kongen. Defilering betyr at ein kan gå sakte forbi båra til kong Harald for å ta eit siste farvel.

I dag er siste høve for publikum. Slottskapellet held ope frå klokka 10 til 19.

Gravferda finn stad onsdag. Då skal båra fraktast frå Slottet til Oslo domkyrkje og gravferdsseremoni der. Siste etappe går til Akershus festning og det kongelege mausoleet i krypten under slottskyrkja. Der skal kong Harald få sin siste kvilestad i sarkofag.

(©NPK)